Referat frå styremøte i Medisinsk Mållag 09. desember 2025
Sak 1/2025 Kasserar
Kasserer: Nils E. Widnes har formelt tatt over som kasserar dette året
Sak 2/2025 Opplæringsvideoar med bakgrunn i Medisinsk journalskriving
Leiar har blitt spurt om å lage undervisning til medisinstudentar med utgangspunkt i Medisinsk journalskriving. Det er Helsedirektoratet som har sett at det er trong for dette.
Spørsmålet kjem frå Marita Kristiansen, som er leiar for Senter for norsk fagspråk, nyoppstarta senter ved UIB.
Håpet er å lage opplæringsvideoar i samarbeid med BRIK.no (ved Bertin Flatebø). Desse kan leggast inn som QR-kode i nytt opplag av boka Medisinsk Journalskriving. Redaktør Berit Gjendem frå Fagbokforlaget meiner dette er ein god idé.
Bjørn Bendz er interessert i å vere med å lage opplæringsvideo på sitt fagfelt frå OuS.
Sak 3/2025 Årsmøte
Årsmøte blir etter planen digitalt via BRIK sitt studio i Bergen Media city 19. februar kl .19-20
Sak 4/2025 Styret
Det blir jobba med å få fleire inn i styret
Sak 5/2025 Ideéll partnar
Øygunn undersøker med BRIK om vi kan bli ideelle partnarar.
Sak 6/2025 Gåve til medforfattarar
Øygunn kjøper gåve til dei som har vore med og skrive kapittel til Medisinsk journalskriving.