Medisinsk Mållag er eit yrkesmållag under Noregs Mållag
Formål: Fagleg arbeid og kameratsleg samvær
Medisinsk Mållag er eit yrkesmållag under Noregs Mållag
Formål: Fagleg arbeid og kameratsleg samvær
Medisinsk journalskriving vart lansert i Galleri Nygaten i Bergen.
60 personar møtte opp. Ei blanding av legar (både frå somatikk og psykiatri), sjukepleiarar, fagtermologar, e-helse, familie og vener tok turen i vakkert vér på ein søndag ettermiddag.
Fagbokforlaget var med
Forlaget stilte med Anne Ivarsen som fekk seld rundt 20 bøker, sjølv om ingen medisinstudentar dukka opp på lanseringa. Dei var også med å organisere påmelding og sponsa arrangementet.
Redaktør Berit Aandal Gjendem var forhindra frå å kome. Utan ho, ingen bok.
I selskap med kunst av Odd Nerdrum
Ingen såg ut til å reagere på alle bilete av nakne folk av Odd Nerdrum som var utstilt i denne perioden. Det var vel som ein heilt vanleg dag på jobben for mange.
Hovedforfattar Bjørn Bendz kom frå Oslo for å feire utgivinga. Han lot seg verve inn i Medisinsk Mållag sjølv om han ikkje heilt har forstått verdien av nynorsk før no.
Panelsamtale
Lottelise Folge (grunnleggjar og tidlegare redaktør av Dagens Medisin) kom heilt frå Tjøme for å leie panelsamtale saman med Bjørn Bendz, hudlege Ingeborg M. Bachmann og Øygunn L. Kallevik. Lottelise er også tidlegare programleiar i Refleks Helse i NRK. Det kunne merkast på måten ho fekk til ein god diskusjon rundt journalskriving. Tema som skikk og bruk, pasientinnsyn i journal, språk i journal, tilgangar for helsepersonell, kven er journalen for, kva har endra seg og bruk av KI, var tema som vart diskutert.
På pensumlista ved alle dei fire medisinske fakulteta?
Håpet er at medisinstudentar i heile landet no kan bruke den same oppdaterte boka som inneheld 5 heilt nye kapittel som ikkje har vore med i kompendiet Journal1. No er den på pensum for Oslo og Trondheim.
Tre av dei nye kapitla er skrivne av medlemmer i Medisinsk Mållag
Psykiatri - Trond Fjetland Aarre
Hud - Turid Jorunn Thune
Gynekologi - Jostein Tjugum
Andre med nye kapittel
Auge - Eyvind Rødahl
Medisinsk genetikk - Tone I. Nordtveit og Gyri Aasland Gradek
Musikalsk innslag
Cathrine Snipsøyr, Olav Arne Steinkopf og nestleiar Arne E. Nakling tok seg av musikken.
Noregs Mållag var med
Nestleiar i Noregs Mållag Live Havro Bjørnstad kasta glans over tilskipinga. Kor mange som vart verva er usikkert.
Maten var sponsa av Noregs Mållag, noko som gjorde at det kunne bli litt ekstra fest.
Boka er på nynorsk og bokmål
Boka er laga slik at den passar i lomma på ein legefrakk. Legelommeformat. Den fungerer flott på nynorsk og bokmål side om side. Dette er truleg den første boka i Noreg som er laga på dette viset. Etter inspirasjon av Bjørn Sortland si bok "På jobb" om Leif Ove Andsnes. Den er på bokmål og engelsk side om side.
Alle kjenner ein lege som kan ha bruk for ei slik bok. Om ikkje anna for å kome med tilbakemelding på kva som kan gjerast betre om det skulle verte ei ny utgåve.
Ingeborg M. Bachmann testar ut legelommeformatet
Foto: @mariakallevik
Panelsamtale
Foto: @mariakallevik
Trengsel for signering
Foto: @mariakallevik
Interessant bakgrunn
Foto: @mariakallevik
Bjørn Bendz og Øygunn L. Kallevik med felles bok. Bokmål + nynorsk = norsk
Foto: @mariakallevik
Alvoret har senka seg
Foto: @mariakallevik
Trangt om plassen. Motorsykkel gjer susen.
Foto: @mariakallevik
Cathrine Snipsøyr og Arne E. Nakling syng duett
Foto: @mariakallevik
Øygunn sin del av inntektene frå boksalet går til Medisinsk Mållag
Foto: Mathilde Leite Kallevik
Mai 2025 vart 1. utkastet av Medisinsk journalskriving levert til Fagbokforlaget. No med fem nye fagfelt som ikkje har vore med i Journal-1: Psykiatri, hud, gynekologi, auge og medisinsk genetikk. Seks stykk frå Medisinsk Mållag har vore med i arbeidet. Nokon har skrive nye kapittel, andre har gitt faglege og språklege råd. Boka er på 100 sider pr. målform. Den skal passe i ein legefrakk, så arka må nok bli litt tynne. Bjørn Bendz (OUS) har gjort ein framifrå jobb med å godkjenne forslag til endringar pluss å gå gjennom nye kapittel.
I desember vart leiar tildelt stipend frå NFFO. Med fem månadar frikjøp frå jobb var det mogeleg å få lande Medisinsk journalskriving innan fristen.
Utdrag av avtalen ligg under. Inntekter vil bli fordelt på Medisinsk Mållag og Bjørn Bendz. Her treng eg hjelp av medlemmene til å kommentere innhaldet i utkast til lærebok. Håpet er å få den på pensumlista til medisinstudentar i heile landet.
Leiar i Medisinsk Mållag får årets nynorskstipend på kr. 50.000 til å revidere, omsetje og lage ny lærebok for medisinstudentar.
Les meir her:
Medisinsk Mållag støttar Noregs Mållag sitt krav om å stoppe vidare innføring av Helseplattforma. Når tilsette skal dokumentere i journaler må dei forhalde seg til "smarttekstar" som berre finst på bokmål. Etter norsk lov er det ulovleg å ikkje kunne få skrive på eige språk.
Oppgåvehefte til kurset
Leiar
Øygunn L. Kallevik
oygunnk@gmail.com
+47 99398794
Nestleiar
Arne E. Nakling
anakling@online.no
+47 45 66 44 42
Styremedlem
Turid J. Thune
turid.thune@gmail.com
+47 97 52 58 63
Styremedlem
Terje Kjell Brune
terje.brune@gmail.com
+47 91575815
Styremedlem
Nils E. Widnes
nils.eivind.johansen.widnes@helse-bergen.no
+47 94436597
Arikkel i Tidsskrift for den norske legeforening av Halldor Slettebø
Tre av medlemmene av styret i 2007 held framleis stand, så målet er framleis mogeleg å nå i vår regjeringstid. Arbeidet med innhaldet i Medisinsk journalskriving er intensivert, og det er søkt om midlar om å få dette på plass. Eit lag i vekst kan vi seie at vi er.
Terje Brune og Arne Nakling
Turid Thune, Terje Brune og Arne Nakling
Arne Nakling Linda Eide
Turid Thune